Geit og sau i fagre Stryn, Nordfjord
Av dyra på garden sel eg kjøt av kje, geit og lam, dampepølser, hamburger og speka produkt som spekepølse av geit, spekelår av kje og pinnekjøt av kje. Tilgjengelege produkt varierar gjennom året. Produkta får du kjøpt på REKO-ringen Stryn, REKO-ringen Hornindal, REKO-ringen Nordfjordeid og REKO-ringen Ørsta/Volda, eller på lokale marknadar. Det er også høve til å hente på garden etter avtale. Spekemat og skinn kan sendast i posten.
Produkt av kje
Stjernekje: Lår (ca 1 kg), bog (ca 800 gram), ribbesider (heile, ca 1,5 kg)
Haustkje: Lår, grytekjøt, sadel (skiva), svange, kotelettar, kjøttdeig, skank, indrefilet, bogsteik (med nett, uten bein), spekelår (ca 1 kg), pinnekjøt.
Produkt av geit
Kjøttdeig, heile lår, bog og ribbeside, svange, skank, lår i skiver, grytekjøt, indrefilet, ytrefilet, lårsteik (med nett, uten bein), spekelår, pinnekjøt, hamburger, dampepølse, kjøttdeig.
Produkt av lam
Fårikålkjøt, sadel (skiva), heil ribbeside, heilt lår, skiva lår, lårsteik (med nett, uten bein), kjøttdeig, pinnekjøt (røykt og urøykt).
Produkt av sau
Dampepølse, spekelår.
Speka produkt
ramsløkpølse, raudvinspølse, einebærpølse
Skinn
Lammeskinn frå norsk kvit sau (NKS).
Kvite skinn, men også nokre svarte skinn med litt kvitt.
Kjeskinn, små og store.
Skinn med trykk
Eg trykker også på skinn både av kje og lam. Utvalet
vil variere gjennom året.
Det varierar litt etter sesong kva eg har tilgjengeleg og har du ynskjer kan dette førehandsbestillast til slaktesesongen. Kje vert stort sett slakta i april/mai, men også noko på hausten. Lammesesongen er frå ca september, sau i september (kun på bestilling) og november, noko lam i mars. Geit ca i november/april/august.
Veldig mykje godt som kan lagast av kje, geit, lam og sau