Geit og sau i fagre Stryn, Nordfjord
Av dyra på garden sel eg kjøt av kje, geit og lam, og speka produkt som spekepølse av geit, spekelår av kje og pinnekjøt av kje.
Produkt av kje
Stjernekje: Lår (ca 1 kg), bog (ca 800 gram), ribbesider (heile, ca 1,5 kg)
Haustkje: Lår, grytekjøt, sadel (skiva), svange, kotelettar, kjøttdeig, skank, indrefilet, spekelår (ca 1 kg), pinnekjøt.
Produkt av geit
Kjøttdeig, heile lår, bog og ribbeside, svange, skank, lår i skiver, grytekjøt, indrefilet, spekelår, pinnekjøt.
Produkt av lam
Fårikålkjøt, sadel (skiva), heil ribbeside.
Produkt av sau
Dampepølse, spekelår.
Speka produkt
ramsløkpølse, raudvinspølse, einebærpølse
Skinn
Lammeskinn frå norsk kvit sau (NKS).
Kvite skinn, men også nokre svarte skinn med litt kvitt.
Kjeskinn, små og store.
Skinn med trykk
Eg trykker også på skinn både av kje og lam. Utvalet
vil variere gjennom året.
Det varierar litt etter sesong kva eg har tilgjengeleg og har du ynskjer kan dette førehandsbestillast til slaktesesongen. Kje vert stort sett slakta i april/mai, men også noko på hausten. Lammesesongen er frå ca september, sau i september (kun på bestilling) og november, noko lam i mars. Geit ca i november/april/august.
Grytekjøt av kje 189,-/kg
Lammesadel, skiva. 279,-/kg
Kvitt lammeskinn frå NKS (Norsk kvit sau)
Lite kjeskinn med trykk.
Spekelår av haustkje, ca 1 kg. 429,-/kg
Pinnekjøt av haustkje, ca 1,5 kg. Utseld fram til hausten 2022.
Mjuke og varme skinn.
Kjeskinn i forskjellege fargar og mønster.
Veldig mykje godt som kan lagast av kje, geit, lam og sau