Jua Gard er ein vestlandsgard med mjølkegeit og sauer. Garden ligg i Hjelledalen i fagre Stryn, omkransa av høge fjell og frodige beitedalar.

Her er det mjølkegeiter og sauer som i sommarhalvåret pleier kulturlandskapet i Hjelledalen og innover i Jostedalsbreen Nasjonalpark i Sunndalen. Geitene går ute dagleg frå beitesesongen startar i midten av mai til ca midten av oktober, så sant vêret ikkje er for dårleg, då likar dei seg best inne. 

Sauene startar beitesesongen etter lamminga i april/mai og flyttar til seters når beitet er klart i juni. Der beitar dei friske fjellvekstar fram til sesongen er på hell i september/oktober. Etter heimkomst går sauene nokre veker på beite før det vert henta heim til lunare forhold med tallefjøs og lufteområde dei kan gå ute på så sant vêret tillet det.

Geitene er norsk mjølkegeit og sauene er hovudsakleg norsk kvit sau og nokre suffolk sau.

Garden har vore i familien i generasjonar og eg tok over etter mine foreldre i 2018. Noko av produkta frå garden sel eg direkte til deg som forbrukar via Reko-ringen eller etter avtale.

-Eli-